I Jordan-elva startar Jesu veg til Golgata. Himmelen opnar seg, Gud Fader stadfester at det er Gud som vert døypt.
Mysteriet er at det ikkje er sin død han bur seg på, men vår. Ikkje si straff han tek på seg, men vår. Vondskapen har hopa seg opp over menneska, og vert no velta over på Han. Han byter plass med dei skuldige.
Slik startar alltid Gud. Jorda starta i vatnet. Kvart menneskefoster gjer det. Alltid når menneske kjem til Gud, vert dei førte fyrst til vatnet i dåpen. Noko må druknast, bli aude og tomt, før Gud kan reise det opp til liv. Vegen frå døden til livet går her.
Difor feirar vi i dag ikkje berre Jesus, men mennesket. Vår eigen epifani. Det kan vere mange grunnar til å fortvile over mennesket og over den menneskelege verda. Men Gud har teke alt på seg! Så Guds røyst er også til meg: Du er son min. Eg elskar deg. Eg har hugnad i deg! Det treng menneska i den traurige moderne tredemølla å høyre på nytt!