Ver helsa, Maria!

Guds mest avgjerande inngrep i historia skjer gjennom barnefødslar. Sara, Hanna, Elisabeth og Maria veit alt om det. Gud gjer det umulege, det uventa, det uhøyrde som syner at Han har grepet om verda og historia.

Jesus er Guds son, og Maria er Guds mor. Han er fødd i opphavet utan mor (av Faderen), og i tida fødd utan Far (av Maria møy). Om Jesus ikkje er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske, kan han ikkje frelse meg (Athanasius).

For oss går difor vegen til Gud via Maria. På mystisk vis er ho ikkje berre Guds mor, men også vår. Ho er alle    truande si mor som lærer oss å synge, tale og tru. Difor skal alle truande prise henne sæl.

Translate »