Ver helsa, Maria!

Når Gud grip inn i historia, sender han ikkje soldatar, men babyar. Gud forandrar verda gjennom barnefødslar. Sara, Hanna, Elisabeth og Maria veit alt om det. Gud gjer det umulege, det uventa, det uhøyrde, og syner slik at Han har grepet om verda og historia.

Jesus er Guds son, fødd før tida utan mor (av Faderen) og i tida utan Far (av Maria møy). Det gjer Maria til Guds mor. Om Jesus ikkje er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske, kan han ikkje frelse meg (Athanasius).

For oss er difor vegen til Gud Via Maria. På mystisk vis er ho ikkje berre Guds mor, men også vår. Ho er alle truande si mor som lærer oss å synge, tale og tru. Difor skal alle truande prise henne sæl.

Marimesse-dagen er 25. mars, 9 månader før jul. Vi feirar den med messe i Sta Sunniva menighet, Bergen, i kapellet til Sjøfarendes aldershjem på Nordnes, fredag kl. 18. Velkomen.

Translate »