Gud lærer folk å vente. I Egypt, ved Babylons flodar, på Jesu tid og i våre dagar. «Sjå, eg kjem snart,» seier Jesus. Forventningane har i tider vore meir intense enn elles. Idag i sterk konkurranse med sløvsinnet.
I ventetida skal vi be: «Lat riket ditt kome.» Og når Han oppfyller bøna, kan det samanliknast med dei ti brurmøyane. Sømn vil bli eit problem for dei som ventar.
Det meste er likt med dei 10 brurmøyane. Alle var bedne, alle var kledde som brurmøyar, alle hadde sagt ja, alle hadde olje på lampane, alle blei trøytte av ventinga, alle somna, alle vakna av ropet, ingen forsov seg og alle kjende att brudgomen.
Den åndelege nedsløvinga er at lampane vert forsømde. Tru kan ikkje arvast. Gud deler ut, og den som verdset henne, held henne ved like.
«Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen», seier Jesus.
Les gjerne Matt 25,1-13.