Det vonde og det gode er åndelege dimensjonar. Adam og Eva i paradiset og Jesus i øydemarka kjempa mot dei vonde åndskreftene. Berre Jesus stod prøva, var trugen og lydig.
Det er på høg tid å avvikle dei småpene og sjølvtrygge verdsbileta. Demonane er framleis aktive i himmelromet. Vi må velje kven vi skal tene og tilbe. Livet og verda er meir enn pengar og underhaldning. Mennesket er bestemt til å nå Gud og leve i han.
Demonane byd oss å byte ut Gud mot tomrom. Når det blir tomt nok, står berre forvirringa og fortvilinga att.
Vi burde vite det, vi som forsaka djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen i vår dåp.
Så vend om og tru på evangeliet. Guds rike er nær.
Vel møtt til messe sundag kl. 11.