
Bilete: Bjørn Bjørnebo
”Sjå, vi dreg opp til Jerusalem” seier Jesus, og rir rett inn i profetiar frå GT: Sakarja som profeterer om kongen på eselfolen som gledar Sions dotter; Moses og israelittane si påskefeiring i Egypt som får sitt siste og endelege påskelam. Kongen kjem til kongsbyen Sion.
Læresveinane skjøna det ikkje. Ikkje før dei såg det i etterpåklokskapens lys.
Vi er ved sjølve kruxet i det som skjer i Jerusalem: At liding og siger høyrer i hop hos Jesus Messias. At sorg og glede. At fornedring og opphøgjing. Slik lys og mørke, synd og siger høyrer ihop.
Dette er ei livserfaring for alle truande. Som det er i Jesu liv, er det kristne livet. ’Aldri er jeg uten våde, aldri dog foruten nåde.’ Lykke og ulykke kjem på rad. Medgang så ofte på motgang vil rope, solskinn og skyer de følges og ad, skriv Kingo.
«Så er sorg til glede lenket, Jesus, jeg med gråt vil bede:
så er drikken meg iskjenket, Hjelp du til at troens glede
besk og søt i livets skål, fremfor synd og sorger må
dette er mitt levnets mål. alltid overvekten få.»