Vegen heim

Når menneske har kome bort frå Gud og innretta seg utan gudsdyrking, seier dei at det ikkje er skilnad på meiningar, alle er like gode, ikkje skilnad på sanningar, alle er like sanne, ikkje skilnad på vegar, alle fører til same stad.

Då er mennesket djupast sett åleine i verda. Då veks ein eksistensiell angst som er djupare, sterkare og farlegare enn bekymringane for dagleg brød.

Men vi har ikkje det synlege for augo. I sekulariseringa har det synlege erstatta det evige. Men sekulariseringa skal ein dag fade bort. Berre det usynlege er evig. Den usynlege viser oss vegen heim. ‘Eg er vegen, sanninga og livet,’ seier han. ‘Eg skal sjå dykk att, og de vert hjarteglade og ingen tek gleda frå dykk.’

Translate »