Det er lett å skifte standpunkt. Berre ei tru er viljug til å ofre. Eit standpunkt må gjerne testast på nye innfallsvinklar. Men å svikte trua er å svikte Han du trudde på.
Tru fordrar truskap. Den spør ikkje etter gevinst eller medbør. Difor er trua i motgangstider ein god ballast. «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord,» svarer apostelen Peter når han vert utfordra på dette.
Den lure, politisk korrekte og veltilpassa kan drive det langt. Men det er den trufaste som ber den gode hushaldaren sitt adelsmerke.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag 20. febr kl. 11.
Minner også om undervisningskvelden måndag 21. febr kl. 17. Fyrste samling i vårens temarekkje om Maria. Denne gongen: «Maria, Guds mor, kvifor ærar vi henne?»