Den gamle norske klokkarbøna vende seg til Heilaganden, Trøystaren, og bad Gud om å late opp hjartet mitt med hans hjelp.
”Åndelighet” opnar for mangfaldige og diffuse forestillingar. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, den tredje person i Gud. Han som går ut frå Faderen og som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane.
Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og i Guds verdsstyre, men i sin fylde vert han gitt oss i kyrkja sin fellesskap. Anden bles dit han vil – men det er i kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men ropar: Abba, Far!
Vår tid er vansklegare, men også opnare. Difor har vi grunn til å be med styrke og forventing:
Veni, Sancte Spiritus! “Kom, Heilage ande, fyll hjarto til dine truande!”
Vel møtt til messe på pinsedag kl. 11 i Lo kirke, Sverresborg museum, Trondheim.