«Lat no opp hjartet mitt med din Heilage Ande» bad klokkaren i den gamle klokkarbøna.
”Det åndelege” vert servert i mange og diffuse versjonar idag. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, tredje personen i Gud. Han går ut frå Faderen og vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og talar gjennom profetane. Han som kom til apostlane pinsedagen.
«Det ånder himmelsk over støvet» seier Grundtvig. Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og i Guds verdsstyre. Anden bles dit han vil – men det er i Kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i nådegåvene, i kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men ropar: Abba, Far!