Trøystaren i liv og død

«Lat no opp hjartet mitt med din Heilage Ande» bad klokkaren i den gamle norske klokkarbøna. ”Det åndelege” vert servert i mange og diffuse versjonar idag. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, tredje personen i Gud. Han som går ut frå Faderen og som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane.

«Det ånder himmelsk over støvet» seier Grundtvig. Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og i Guds verdsstyre. Anden bles dit han vil – men det er i Kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men ropar: Abba, Far!

«Nu åpnes paradis på ny». Difor bed vi med styrke og forventing: Veni, Sancte Spiritus! “Kom, Heilage ande, fyll hjarto til dine truande!”

Vel møtt til messe sundag kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.