Troll sprekk i lyset

Illustrasjon: Kittelsen/Wikipedia

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar, forfattarar – alle vil forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. Våre forfedre som dikta eventyr, lærte oss å omgå troll.

Den heilage Augustin seier at det vonde har ingen substans. Vondskapen er imot naturen, for den er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte.

Der er eit sluk menneske kan falle ned i. Difor konfronterer Jesus vondskapen med makt og mynde. I ein kamp på liv og død.

Djevelen tapte mannjamninga med Jesus. Djevlar går omvegar utanom krossen. Eventyra veit at troll sprekk i møte med lyset.

Translate »