Trinitatis

Dogmet om at Gud er treeinig er ikkje ei forklåring, ei forenkling eller ei forflating. Det er det vernet mysteriet om Gud treng. Det finst i Skrifta og i den apostoliske trua.

Gud er éin. Han er Faderen som føder Sonen, Sonen som er fødd av Faderen, og Ander som går ut frå Faderen.

Han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Han er Moses’ og Jesajas og Johannes’ Gud.

Han inngår dåpspakt med menneske og vernar og verjer Kyrkja like til enden. I paktslivet med han opnar mysteriet seg for eit menneske.

Translate »