Dei heilage tre dagane i Jerusalem frå skirtorsdagskveld til påskemorgon vert feira hjå oss som ei samanhengande gudsteneste som steg for steg fylgjer Jesus frå den øvre salen til Getsemane, på Via Dolorosa til forhøyr i Jerusalem, til Golgata og grava i hagen. Desse vert kalla ’dei heilage tre dagane’.
Det er stor velsigning i å fylgje Jesus heile denne vegen. Skriftlesingar, kyrkjeklokker, tildekkjing og fjerning av inventar i kyrkjeromet, lys og lyd undersreker dei dramatiske hendingane som har skapt den tre dagar lange gudstenesta.