«Så lenge skutan kan gå…» – Treeiningssundag

«Så länge skutan kan gå
så länge hjärtat kan slå
så länge solen den glittrar på böljorna blå

så lenge er eg med dykk,» er Jesu ord til avskil med disiplane. Alle dagar, så lenge verda står.

Siste kapitlet i evangeliet om Jesus er skrive. Så skal dei vere fakkelberarar for mysteriet, forvaltarar av sakramentet. Og no er vår tid.

Grunnlaget er at Gud er med oss (jul), at Gud er for oss (påske) og at Gud er i oss (pinse). Dei som gjekk, hadde ikkje CV på papir. Deira kvalifikasjon var at dei hadde møtt Den Treeinige og Allmektige. Ut av møtet voks tilbedinga: «Dei fall på kne og tilbad han.».  Og det skapte lovprisinga: «Dei gjekk attende til Jerusalem i stor glede.» 

Etter kvart har møta med Den Treeinige skapt teologiske lærebygningar som har halde kyrkja oppe i århundra fram til vår tid.

Tilbedinga, lovprisinga og teologien er treeiningssundagen sine stikkord.

Translate »