Det er stor styrkje i tilgjeving. Tenk på Josef: Kidnappa, kasta i ein brunn, omgitt av løgnaktige brør, seld som slave, men gjort til mektig embetsmann. Han tilgav.
Den bortkomne sonen kom heim til eit skriftemål.
Ein kyrkjelyd skal vere tilgjevinga sin stad. Han vert øydelagd om uforsonlegdom, hovmot, overgrep, sjølvhevding osb får leve vidare.
“Trur du at mi tilgjeving er Guds tilgjeving?” spør presten i skriftemålet. På det premisset kviler tilgjevinga. Det som slik vert løyst på jorda, er løyst i himmelen. Og omvendt. Skriftemålet er nådens instrument.
Nokon kvar må lære å sjå seg sjølv som ein tilgitt syndar. Korleis kan det mennesket tilgi, som sjølv ikkje er blitt tilgitt?