Tett ved sida mi går Jesus

3. sundagen i påsketida er Den gode hyrdingen sin dag. «Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar,» seier Jesus. Korleis skal dei overleve i ulveverda? – Dei må lære kven som er verd tillit.

Jesus brukte år på å bygge opp eit mønster apostlane vidareførte: Hyrdingteneste og etterfylgjing. Jesus var og er Den Gode Hyrdingen. Apostlane sette inn hyrdingar i kyrkjelydane. Hyrdingen sin utfordrar er leigekaren, og sauene sin fiende er ulven.

Dei truande overlever berre om dei held seg til flokken. Sauer overlever ikkje på eiga hand. Dei treng flokken og flokken treng hyrding. Av sauer krevst at dei kjenner His Masters voice. Dei andre er leigekarar.

Enno er leigekarane si tid. Dei opnar grinda og let ulven splitte. Enno er forføringane, kyrkjesplittinga og fråfallet si tid. Men Den gode hyrdingen er på vegen. Vi skal halde oppe visjonen av den eine hjord under den eine hyrding.

Les gjerne  Joh 10,11-16

Translate »