Teneste og forteneste

Både Abraham og Moses fekk sine livs oppdrag først i pensjonsalderen (etter vår målstokk). Guds arbeidsvilkår kan gjerne ofte virke underlege.

I mitt livs puslespel finst tilsynelatande unyttige bitar. Men i det guddomelege perspektivet er eit meir kjærleg blikk og ei større oversikt enn eg har.

Guds pedagogiske prosjekt er å føre oss så langt at vi med handa på hjartet kan seie «Vi har berre gjort skyldnaden vår.»

Når Jesus møter fram på vår tids NAV-torg, tek han ansvar for at puslespelet av livsfragment går opp.

«Eg uverdige tenar har berre gjort skyldnaden min.» Der Gud passar eit menneske inn, er alt av nåde.

Sundag septuagesima er vingardssundag. Vel møtt til messe kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.