Tampen brenn!

Dei himmelvende vert ofte klaga for å vere verdsfjerne. Men dei politisk engasjerte vert rekna som ansvarlege.
Det rare er at dei som venta på Menneskesonen og Guds rike, bygde katedralar og grunnla sivilisasjonar. Men dei som ville tvinge fram paradis på jord, etterlet seg øydeleggjing og moralsk likesæle.
Einkvar får avlese sitt livs barometer. Står det på ’vaking og venting’, ’likesæle’, ’mislykka forsøk’, ’ imorgon skal eg byrja eit nytt og betre liv’ eller på ’sovande’?
Tampen brenn når det åndelege livet berre ulmar. Då trengs speidarar som ropar: «Ver budd!»
Utopiane er døde. Jesus kjem snart!
Slik er bodskapen på 2. sundag i advent. Vel møtt til messe i St Olav kyrkje, Ålesund kl. 11.

Leave a Reply

Your email address will not be published.