Gud er éin. Han er Faderen som føder Sonen, Sonen som er fødd av Faderen, og Anden som går ut frå Faderen.
Dogmet om at Gud er treeining er ikkje ei forklaring, forenkling eller forflating. Dogmet vernar om mysteriet at Gud er slik, i Skrifta og i den apostoliske trua.
Han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Den levande, Han som møtte Moses i den brennande tornebuska. Han som profeten Jesaja og apostelen Johannes såg på kongsstolen i himmelen. Han som ved Anden vil bu i våre hjarte for å vitne med vår ånd at vi er Guds born.
Denne Gud grip inn i historia. Han bryt gjennom også i vår tid som har vendt han ryggen. Sjølv om gudstrua er blitt frustrert, og sekularisering har fortrengt Han.
Han inngår dåpspakt med menneske og lovar å verne og verje Kyrkja like til enden. Når vi lever i dette paktslivet, opnar mysteriet seg for eit menneske.
Dogmet om at Gud er treeinig er ikkje ei forklåring, forenkling eller forflating. Det vernar om mysteriet Gud, i Skrifta og i den apostoliske trua.