Sundag sexagesima

TRUSKAP KOSTAR

Det er lett å skifte standpunkt. Berre ei tru er viljug til å ofre.
Eit standpunkt må gjerne testast på nye innfallsvinklar. Men å svikte trua er å svikte Han du trudde på.
Tru fordrar truskap. Den spør ikkje etter gevinst eller medbør. Difor er trua motgangstider ein god ballast. «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord,» svarer apostelen Peter når han vert utfordra på dette.
Den lure, politisk korrekte og veltilpassa kan drive det langt. Men det er den trufaste som ber den gode hushaldaren sitt adelsmerke.

«Syn for segn det krev Guds ord / samklang mellom liv og læra / det er himmelsong på jord.»

Vel møtt til messefeiring i St Olav kyrkje sundag 4. febr kl. 11.

Translate »