Sundag septuagesima

Før-fasta vert innleia denne sundagen med likninga om Guds onnefolk i vingarden. Jesu likning handlar om at alle får likt betalt, uavhengig av innsats.

Hjå Gud kan ingen fortene si løn. Hos Gud er all løn nåde. «Chæsæd» på hebraisk som betyr ’meir’. Her er meir enn fortent, meir enn nødvendig, meir enn det eit menneske kan drøyme om.

Hjå Gud er alt nåde. Hans prosjekt er å føre oss så langt at vi med handa på hjartet kan seie «Vi er uverdige tenarar som berre har gjort det vi skulder.» Kanskje vi har mest å tene på at vårt liv ikkje vert målt etter prestasjon. Guds målestokk er hans kjærleik, utan overtidstillegg, utan feriepenger, berre straumar av livgjevande, guddomeleg nåde.

Gud legg mitt livs puslespell. Berre han kjenner verdien av dei fragmenta livet mitt utgjer. Eg, hans tener skuldar han alt.

Translate »