Stille Veke og påske

‘Stille veke’ kallar vi det. I andre land vert ho kalla ‘Heilage Veka’ eller ‘Den store’. Det absolutte høgdepunktet i den kristne kyrkja si feiring. Kristen gudstenestefeiring går attende til dei fyrste kristne som straks tok til å feire Jesu død og oppstode. Julefeiring starta ikkje før mest 300 år seinare. Og faktisk vart kvar sundag rekna som veka sin påskedag.
I den stille veka reknar vi gjerne med tre gudstenester: Messe med fotvasking skirtorsdagkvelden, krosshylling langfredag ettermiddag ved det tidspunktet Jesus døydde og påskevigilien den morgonen han stod opp. Men dette vart forstått som éi samanhengande gudsteneste der dei truande fylgde Jesus frå stasjon til stasjon desse tre dagane i Jerusalem. Ei spansk kvinne, Egeria, gjorde ei pilegrimsreise til det heilage landet på 300-talet og fortel om gudstenestelivet til dei kristne i Jerusalem som gjekk nett slik føre seg.
Translate »