«.. vem har sagt at just du skall ha hörsel och syn, höra böljornas brus och kunna sjunga?» spør den svenske poeten. Jesus svarar i møtet med ei kronisk sjuk kvinne. Han løyser henne frå sjukdomen, og ho rettar seg opp og lovar Gud. Han gjenopprettar henne så ho kan leve det livet Gud skapte henne til.
Apostelen skriv om skaparverkets lidingar og sukk etter å kunne utfalde sitt guddomelege potensial. Både mennesket og naturen er fanga i «trældomen under det forgjengelege».
Så når Herren Jesus rører ved ei sjuk kvinne, gjer han eit teikn på korleis livet i Gud er tenkt. Gud skapte oss til å leve til lov og ære for hans herlegdom. Det lengtar vi etter. I den vona lever vi.