Soli Deo Gloria

«Vem har sagt at just du skall ha hörsel och syn», spør den svenske poeten.
Jesus svarar i møte med ei kronisk sjuk kvinne. Han løyser henne frå sjukdomen, og ho rettar seg opp og lovar Gud. For ho er gjenoppretta så ho kan leve det livet Gud skapte henne til.
Når Jesus opnar blinde auge, munnar og øyre, er formålet at dei skal halde Guds namn heilagt.
Heile skaparverket lid og sukkar etter å utfalde sitt guddomelege potensial. Jesus gir teikn på korleis livet i Gud er tenkt: Ikkje til sjølvrealisering, men til lov og ære for Guds herlegdom.
Translate »