Seljumannamesse

Seljumannamesse er til minne om heilage Sunniva og seljumennene. Ikkje unaturleg at fyrste kontakten med kristendomen på Vestlandet kom frå vest. Til dei irske øyane kom kristendomen tidleg på 400-talet, og derifrå vart fyrst nord-England kristna før impulsane dreiv over Nordsjøen til oss.

Keltiske steinkrossar på kysten talar tydeleg om påverknaden vestfrå.

Til den ubebudde øya Selja kom den irske prinsessa som hadde flykta frå ein heidensk beilar, og her måtte ho late livet for trua si skuld. Historia om henne og fylgjet hennar vert repetert kvar år på minnedagen 8. juli.

Ikkje minst i vår tid då mange bekymrar seg over kollapsen av den kristne kulturen her til lands, treng vi å bli minte på historier som Sunninva. Desse som forsaka alt for den trua som dreiv dei, vart såkorn i vår jord som har bore frukt i århundre. No trengs det nye vitne for nye generasjonar. Dette handlar feiringa av Seljumannamesse om.

Translate »