Sauer er ålreite dyr

I Jesu forteljing om bortkomne er det 100 sauer, 10 sølvpengar men berre éin son. Mennesket har i Guds auge eineståande verdi.

Jesus har til alle tider ergra farisearar, rasjonalistar, materialistar, økonomar og juristar. Dei som vil måle etter innsats og resultat, får berre auge på galskapen i Jesu prosjekt. Dei har feil målestokk.

Det er syndarar som kan svare: «You raise me up so I can stand on mountains.» Dette som ikkje noko demokratisk bystyre ville vedteke. Som ikkje kom opp i noko menneskehjarte. Som anten er vanvidd eller sanninga med stor S.

Når Jesus brukar sauer som bilete på oss, understrekar han at vi høyrer ihop i ein fellesskap. Jesu saueflokk er den kristne kyrkjelyden. Meir om det i messa på søndag.

Translate »