Pasjonstida handlar om kampen mot det som splittar. Jesu etterfylgjarar må reinse seg: sinn og tankar, liv og lemmar. Etterfylgjinga er til alle tider truga av splittinga. Misunning og mistankar, mismot og hovmot, ureint liv og samvirke med det vonde. Kampen mot alt dette endar for den truande i skriftemålet.
I Jerusalem talar Jesus om splittinga som ein konsekvens av synda. Guds barn vert spreidde ikring. Det har vore slik sidan. Men når denne mannen døyr for folket og alle jordas folk, skjer noko med heile menneskeslekta. Han skulle samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring, skriv apostelen Johannes (Joh 11:52).
I Jerusalem vert splittinga openberr. Dei spring til alle kantar. Men krossen vert det sentrale samlings-symbolet.
Alle som tek imot forsoninga og vert sameina med Han, vert som ei celle i kroppen Hans. Han samlar Guds born i sin krossfeste kropp. Dette er pasjons- og påsketida sitt djupaste perspektiv.
Han kjem til Jerusalem for med heile sin person, med kropp, sveitte og blod å gjennomleve og gjennomdøy syndene og skulda og skamma til menneske som meg og deg. Dette forvandlar dei menneska som kjem til Han og vert verande i Han. Og når Han gjenoppstår, forvandlar Han heile verda.
Siste veka fram til påske er veka for forventninga og hungeren etter dette.Tre heilage tre dagar i den stille veka opnar Jesus påskemysteriet.
Vi kan bli forvandla. Våre smålege kontroversar med våre næraste, våre behov for sjølhevding, våre skammelege tankar, gjerningar og ord – alt dette forvandlar Han for etterfylgjarane. Han forsonar dei gjennom nåden Han omsluttar dei med, utan å gjere skil på verdige og uverdige. Og Han samlar til eitt alle dei Gud barn som er spreidde av sine innbyrdes fightar og sine svik når Han får gjere si forvandlande gjerning.