Rydd Herrens vegar

Ver menneske av den rette veg, formanar Døyparen Johannes. Jesus kom til oss beinvegs ukorrupt, usjølvisk, utan falske og forfengelege tilbod. Hans etterfylgjarar må leve sameleis.

Dei høge fjella i mennesket er det sjølvgode. Det skal jamnast.
Dei låge dalane er sløvsinnet, likesæla, det jordbundne. Det må ryddast.
Det krokete er orsakingar, uoppgjorde synder, vonde ting du held fast på. Dei må fjernast av skriftemålet.

Slik vegrydding er adventsarbeid. For at Herren skal nå fram til oss.

Det er mykje eit menneske ikkje kan: Ikkje leve opp til dei fullkomne krav. Ikkje frelse seg sjølv.
Vegryddaren seier: «Sjå der Guds lam som ber verdsens synd.» Eit vake samvit og Frelsaren høyrer ihop. Det mennesket som erkjenner samanhengen, kan flytte fjell og jamne dalar. Slik vert menneske av den rette veg til.

Les gjerne Luk 3,1-9

 

 

Translate »