Gud forstyrrer privatlivets fred. At det i livet fins frie soner som ikkje vedkjem Gud, er eit påfunn Jesus avslørte.
Gud stansa Kain som ville ha privatlivet sitt i fred og unnskylda seg med at han ikkje var sin brors vaktar. Eit uforsonleg hjarte vedgår Gud. «Du gjer ikkje med livet ditt som du vil. Du har ingen rett til å vere din eigen herre.» Seier Jesus.
Der er berre éin veg til Gud. Han heiter forsoning. Den som sjølv ikkje vil be om tilgjeving og den som sjølv ikkje vil tilgi andre, kan aldri få det godt. «Forlat oss vår skuld, som vi og forlet våre skuldmenn.»
«Du skal ikkje drepe» er det femte bodet. «Forlat oss vår skuld» er femte bøna. Dei to er kristendom i ein sum.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje søndag kl. 11.