Pluralisme er på moten på så mange område. Livssyns-pluralisme i samfunnslivet, etisk pluralisme og læremessig mangfald er honnørord. Mest tydeleg siste dagane er dette demonstrert av bispemøtet i Den norske kyrkja.
Dei er samde om å vere usamde. Dei som skulle verje kyrkja si lære og rettleie dei truande i både lære og liv, har uttalt seg om ekteskapet, det kanskje mest utsette av alle lærepunkt idag. Heilt i tråd med det tidstypiske, har dei delt seg i eit fleirtal og eit mindretal, og lagt opp til at dette er pluralistisk rikdom og ikkje forvirring. Fleirtalet og mindretalet bagatelliserer sjølve skilnadane seg imellom og reknar begge syn innanfor eit hyggeleg mangfald i kyrkja.
Sjølvsagt er biskopane klar over at den heilage Skrifta ikkje ein einaste stad inneheld ei positiv haldning til homoseksuell praksis, men tvert imot omtalar det som ein av dei mest tydelege uttrykk for mennesket sitt fråfall frå Gud. Difor vil dei utvide ekteskaps-forståinga og slik tilpasse kyrkjelæra til det menneska idag reknar som ‘det gode livet’.
Fleirtalet vil fremje vigsel av likekjønna par i kyrkja, mindretalet går for forbønshandling av homoseksuelle forhold. I praksis er altså skilnaden meir kosmetisk enn teologisk. Ingen av dei kan vere uvitande om at begge deler strir mot både Skrifta og ein eintydig kyrkjeleg tradisjon.
No er det ikkje nytt at i same kyrkja kan det som ein sundag vert kalla gudvilla kjærleik, neste sundag bli kalla synd. Det er denne pluralismen som vert rekna som inkluderande og verdifull.
Det er her ein går vill. Denne pluralismen er både villeiande og øydande. Det forvirrar og villeier alltid når kyrkja svarer både ja og nei på same spørsmålet. Difor øydelegg det for både kyrkja og kvar truande.
For det fyrste er ein etikk som bygg på abstrakte opplevingar av kjærleiks-relasjonar, meir i slekt med gnostisisme enn med kristendom.
Dessutan fører kyrkjeleiarane denne kyrkja lenger ut i økumenisk isolasjon.
Og kanskje verst av alt er at dei truande vert overlatne til å hjelpe seg sjølve, til sjølve å skulle finne sanninga og vegen utan hjelp av åndelege rettleiarar og hyrdingar. Pluralismen opnar for leigekarar som fører dei truande i alle retningar.
Det er talande å vere vitne til slik forvirring i denne månaden i kyrkjeåret som startar med skildringa av dei heilage og endar med påminninga om at Herren kjem att for å døme oss etter gjerningane våre.
Kyrkja er éi, heilag, apostolisk og katolsk.
Liksom det er «én Gud og alles Fader» skal det vere «én røst fra sanndru munner, én ånd i alles røst, én fred i sjelens grunner, én tro med evig trøst, én kjærlighet, én lengsel, én kamp for palmen hist, én utgang av all trengsel, étt liv i Jesus Krist.»
Korkje heilagdomen, apostolisiteten eller katolisiteten i kyrkja kan sameinast med den pluralismen som idag er gjort til ideal i mange krinsar. Den sanne kristne trua er den som alle truande alltid og på alle stader samlar seg om.
Ho skal kunne målast på om ho samsvarer med «den trua som éin gong for alle er overgjeven til dei heilage». Det er det apostoliske elementet. Denne trua er gjenkjenneleg alltid og allstad.
Einstemt, eintydig og einskapleg må den forkynninga og rettleiinga vere som skal tale rett både om Gud og om menneskelivet. Berre då er ho tru mot kyrkja si sjel, fremjar ein tydeleg kyrkjeleg identitet og gir menneske frimot til både å leve og lide for denne trua. Kven vil ofre for det som kanskje er ein bløff?
Leigekarar kalkulerer og spekulerer over det mulege, det ynskjelege, det rimelege, det billege, det attraktive osb. Gode hyrdingar seier beint fram det som alltid har vore sagt av gode hyrdingar. Både Hans Nielsen Hauge, Luther, Benedict, Basilios, Ireneus og Ignatius skal lett kunne kjenne seg att i deira åndelege rettleiing.