Det pusten er for kroppen, er Heilaganden for Kyrkja. Heilaganden tilfører denne kroppen liv og krefter. Ved den heilage andinga vert Kyrkja gjort evig ung, levande og fruktbar.
Frå pinsedagen endrar kyrkjelivet karakter. Kristus gir oss ikkje opp. Han gir oss Heilaganden som livsprinsipp. Kyrkja får både luft i lungene og fast føde gjennom Kristi lekam og blod.
For dei redde apostlane i Jerusalem vert det ei stor forvandling. Dei kan ikkje teie. Dei sluttar å låse dørene. Dei er ikkje lenger redde for å døy. Kroppen tek til å leve under dei livsvilkåra som er i menneskesamfunnet. Kroppen ‘rör på sig’.
Vi som er fødde på nytt i dåpen, vår pust er Den Heilage Ande. Vi er gitt eit liv i den fellesskapen som vert halden i hop av trua, bøna, sakramenta, nåden, Ordet og embetet.