Persok

Dei gav opp alt og fylgde Jesus. Det gjeld for apostlane og alle kyrkja sine martyrar.

Peter og Paulus leid mest truleg martyrdøden i Rom under keisar Nero på 60-talet. Peter krossfest på ein arena ved Vatikanet, med hovudet ned. Paulus halshoggen, sidan han var romersk statsborgar.

To hundre år seinare vart deira jordiske levningar førte til San Sebastian-katakombene den 29. juni, som har blitt deira felles minnedag. Difor feirer vi Persok komande sundag.

Vårt motto er å fylgje Jesus og tru som apostlane. Det gjer vi i full visse om formaninga og lovnaden: Ro båtane iland! Gå frå alt som held tilbake! Og Han er med alle dagar så lenge verda står.

Velkomen til messefeiring i St Olav kyrkje, sundag 30. juni kl. 11.

Translate »