På den femte sundagen etter oskeonsdagen går fastetid over til pasjonstid. Ei fordjuping og intensivering av førebuingane til påske. For Jesus ei intensivering av hans omgang med dødens lakeiar. For oss øving i å gå i hans spor.
Vil du vere med i kampen mot synda og dermed vondskapen? Jødane hadde reinsingsbad før påske. Også våre sinn og tankar, liv og handlingar treng reinsing, så ikkje freistingar, men etterfylgjing får prege oss.
Så fylgjer palmesundag og tre heilage dagar då heile verda vert forvandla. Berre syndarar, menneske med ei historie, treng ein forsonar. Smålege fightar med våre næraste, skammelege tankar, gjerningar og ord – alt dette forvandla ved nåden Han omsluttar oss med.