Mennesket og bioteknologien

4. september kl.11-14 deltek Eivor Andersen Oftestad, kjend m.a. som skribent i Klassekampen og Dag og Tid, med foredrag om «Mennesket og bioteknologien» i St Olav kyrkje, Borgundvegen 606, Ålesund.

Eivor Oftestad er kyrkjehistorikar, forskar og forfattar og underviser idag ved Høgskolen i Innlandet.

Etter at Stortinget i 2020 vedtok ein revisjon av bioteknologilova, er menneskesynet kome i spel på ein måte vi aldri før har sett her til lands.

Medisinsk forskning har i lang tid gjort store framsteg i innsikt i innsikt om det prenatale mennesket, mennesket før fødselen. Spørsmålet altfor få har reist er om slik kunnskap er verdinøytral. Både politikarar og folk flest har vent seg til å skilje mellom kunnskap og verdiar, slik at uavgrensa vitskaplege fakta og innsikter er velkomne, og vi kan på privat basis legge til våre tolkingar.

Slik argumenterte ein også i Stortinget om fosterdiagnostikken. At dette er tekniske spørsmål for å få så god informasjon som muleg og så gode teknikkar som muleg for m.a. å kunne fjerne foster med m.a. Downs syndrom.

Kva er menneskeverd når kvalitetssjekk og sortering vert normalen, spør Eivor Oftestad i foredraget sitt i St Olav kyrkje. Kvar skjer i ein kultur når Gud vert borte? Korleis endrar menneskesynet seg, og synet på liv og død? Har menneske lenger nokon absolutt verdi?

Eivor Oftestad gav i 2016 ut boka «Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år.» I år var ho medutgjevar av boka «Hva vil vi med fosterdiagnostikken?»

Velkomen laurdag 4. sept. kl. 11.

(foto: minervanet.no)

 

Messe i Stryn

Den miskunnsame samaritanen sin sundag. Vi feira messe i Betania bedehus i Stryn. Folk kom frå nord og syd og fylte opp det vakre bedehuset i Stryn sentrum, med både altar og altarbilete skapt av den lokale kunstnaren Magne V. Kristiansen.

Fr Olav Paulinus gav oss ei allegorisk preike over Jesu likning og viste kor mange meinings-lag det kan vere i ei slik bibelforteljing. Den miskunnsame er Jesus Kristus sjølv. Det er vi som ligg forslåtte i vegkanten etter angrep frå demonen. Men Jesus hentar oss opp, byd  oss eselet sitt, gjev oss sakramental lækjedom og ein heim i si kyrkje på jorda (hospitalet) og lovar å kome att og gjere opp for alt det vi skuldar både på jorda og i himmelen.

Folk frå bygda bar mat på bordet og vi hygga oss langt utover ettermiddagen. Fagre Stryn viste seg frå si beste side denne sundagen.

Den takksame

«I sanning verdig og rett er det at vi alltid og alle stadar takkar deg….». «Alltid og alle stadar.» Takke.

Det står ikkje å lese i aviser. Ikkje stemmer det alltid med personlege erfaringar, heller. Men det avspeglar eit livssyn.

Politikarar ser etter kva dei med makt og budsjett kan oppnå. Truande ser livet og verda med Guds blikk. For Gud er Gud om alle land låg øyde.

Den som lærer dette, kan oppdage det positive under det negative, retten under uretten og lyset bak mørkret.

Gud er miskunna og ikkje misnøya sin Gud. Han er retten, sanninga, nåden og det vakre sin Gud. Men Han er ofte løynd under sin motsats.

I evangeliet møter vi ti spedalske. Alle vart friske, men berre éin fekk forandra synsvinkelen sin (Luk 17,11-19).

Vel møtt til messe sundag kl. 11 i St Olav kyrkje.

 

Den miskunnsame

Sundag  29. august, 14. sundag etter pinse, er tema ‘Den miskunnsame’.
Evangeliet om Jesus går ut frå Jerusalem. På vegen vert det avvist av jødane, men teke imot av heidningar.
For såra menneske langs vegen har Gud oppretta sitt herberge som er den kristne kyrkja. Der får dei pleie av verten som er prest og diakon.  Med olje, vatn og vin, som er dei kyrkjelege sakramenta.
Ein dag kjem Jesus att og betalar for alt det herberget kostar.
Gud treng veg-arbeidarar og herberge-arbeidarar. Truande som møter dei såra og fører dei til herberget. Og han treng kyrkjetenarar som pleier med Guds himmelske medisin dei som kjem til herberget.
Sundag 29. august er evangeliet å lese i Luk 10,23-37, om den miskunnsame samaritanen.
Ta gjerne turen til Betania bedehus kl. 12.

Marias innsomning

Sæl er den velsigna moder /
som deg under hjarta bar!

syng Elias Blix om Maria, ho som dei truande til alle tider prisar sæl.

Utan henne ikkje noko Jesusbarn fødd som menneske. Og utan inkarnasjonen inga frelse for syndarar.

15. august er den årlege minnedagen for Marias innsomning. Slik Maria tok imot Jesus og var med Han gjennom heile livet, har Jesus teke imot henne i himmelen for å vere med henne gjennom heile æva. Ho har fått den plassen Gud har gjort istand for henne, slik vi ein dag vonar å få vår.

«Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo så de kan skjøna kva det er for ei von Han har kalla dykk til,» skriv apostelen (Ef 1,18).

Vel møtt i kyrkja på sundag kl 11, med presten vår i Bergen, fr Olav Paulinus.

Gud har ein plan med ditt liv

Ordet ’økonomi’ har vi fått frå gresk: oiokos = hus og nomos = lov/orden.God økonomi er å ha huset sitt i orden. Gud har sett oss til økonomar. Somme har fått mykje å halde styr på, andre mindre. Og ansvar deretter.
 
Gud har ein plan med ditt liv, lagt av Han før verda vart skapt. Gud gjorde mennesket til konge og dronning i skaparverket, og gav oss alt: Kropp og sjel, ord og sakrament.
 
Og i menneskehjartet la han eit guddomeleg gen: Evna til å ane og søkje Gud.
 
Difor kan ikkje denne verda fylle eit menneskeliv. Alt her er provisorier. Mennesket er sett til å oppfylle Guds økonomi.
 
Gud kan bruke berre kloke hushaldarar. Til å gje folket sitt mat i rette tid. Både heime og i Kyrkja. Han dukar bord for oss. Kjøkkenbord og altarbord. Og når jorda ikkje er meir, set han oss til bords med alle dei heilage i himmelen. Måtte vi vere der.
 
Messe i St Olav kyrkje 10. sundag etter pinse kl. 11. Les gjerne Luk 16,1-13.

Olsok-feiring på sundag

Olavs-tradisjonen har prega folk og kultur her til lands. Minnedagen for Heilag-Olav nærmar seg, og vi feirar den fk sundag som patronsfest for kyrkjelyden vår.

Gulatingslova seier at «det er det fyrste i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred og um at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår lukkeleg. Han vere vår ven og me hans og Gud ven til oss alle.» Under denne kulturen ligg tanken om eit samfunn oppretta av Gud til folket sitt beste.

Slik tale skurrar i mange moderne øyre. Menneske har lagt seg til andre normer enn dei gudgjevne, og vi er vitne til eit aksellererande sedskifte: Ny verdisetjing for mennesket, ny målestokk for framgang, ny rangordning i samfunnet, nytt syn på kjønnsroller. Det merkast i lovverket og det merkast på tenkjemåte og levemåte. Det er ikkje lenger sjølvsagt at søndagen er Herrens dag. Ikkje lenger sjølvsagt at maten er Guds velsigning. Det opplyste mennesket vil vere sin eigen herre, sjølvbestemt og med full sjølvråderett.

Sedskiftet frå Heilag-Olav si tid er sett i revers. Vi må vere dei fyrste til å innsjå det og dei fyrste til å leve motkulturelt. Difor feirar vi olsok-messe. Velkomen i kyrkja sundag kl. 11.

Stor dag i St. Olav

Med Peters store fiskefangst i sentrum feira St Olav messe sist søndag. Med storinnrykk av vener frå sør og aust, og med opptak av nytt medlem.

Dagmar Sofia Sunniva vart krismert av biskop Roald Nikolai i nærver av ei fullsett kyrkje. Denne sundagen vart vener og kolleger frå fleire kyrkjelydar på Sunnmørs-besøk, så vi hadde fr Asle Ambrosius frå Oslo som predikant, fr Olav Paulinus frå Bergen som liturg med diakonoppgåver, kantor Anne Gunn som organist og fr Lauritz Elias som kantor.

Ikkje rart at både den nykrismerte og forsamlinga smilte som sola. Endeleg ei tid igjen då vi kan reise mellom kyrkjelydane og ikkje måtte halde att på antal som slepp inn i kyrkja.

«Heretter skal du fanga menneske,» var Jesu svar til Simon Peter. Den fangst-arten held fram også i vår generasjon.

Apostolisk suksesjon – aposteldagen

Då Peter viste at han ikkje duger som fiskar, kunne Jesus bruke han. Jesus viste han tillit og gav han ny sjølvinnsikt. Jesus tok båten hans ibruk, og deretter heile mannen.

Sjølvinnsikt er verdifulle saker. Og fårleg når ho ikkje er grunna i realitetar.

Historia om fiskarane på Gennesaretsjøen og deira liv, er universell. Det handlar om å velje etterfylgjarlivet istadenfor det sjølvsikra. Etterfylgjaren sin tryggleik avslører Peter: «På ditt ord, Herre!»

Her startar apostolisk suksesjon. Biskopar og prestar har arva apostelen sitt oppdrag. Og alle kristne er kalla til å tru som apostlane. Kyrkja er ’up to date’ berre når ho står i denne suksesjonen.

I etterfylgjinga finst også velsigninga. Peter betalte med sitt liv for lydnaden. I ditt og mitt tilfelle er prislappen enno open. Men det gjeld om å vere i apostolisk suksesjon.

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11.

Persok

Apostlane Peter og Paulus leid martyrdøden i Rom under keisar Nero på 60-talet. Peter krossfest på ein arena ved Vatikanet, med hovudet ned. Paulus halshoggen, sidan han var romersk statsborgar.

Over Peters grav står Peterskyrkja. Over Paulus’ grav kyrkja San Paoli fuori le mura.

To hundre år seinare vart deira jordiske levningar førte til San Sebastian-katakombene den 29. juni, som har blitt deira felles minnedag. Difor feirer vi Persok komande sundag.

Dei gav opp alt og fylgde Jesus, heilt inn i martyrdøden. Apostlane som fekk i oppdrag å vere menneskefiskarar, vart Kyrkja sin grunnvoll. For oss som vil tru som dei, gjeld både formaningane og lovanden:

Ro båtane iland! Gå frå alt som held tilbake! Og Han er med alle dagar så lenge verda står.

Velkomen til messefeiring i Togkapellet, Åndalsnes, sundag 27. juni kl. 12.