2. sundag i faste i St. Olav

Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag 25. februar kl. 11.

Å leva det er å tilgje

Synd og kjærleik heng ihop, seier Jesus. Lite synd, lite kjærleik. Og omvendt. Kong David erkjente «Eg har synda mot Herren.» Han vart tilgjeven. Kvinna i farisearen Simons hus bar si alabastkrukke til Jesus. Ho fekk syndene sine tilgjevne. Jesus har gjeve oss syndstilgjevinga sitt sakrament, skriftemålet. Difor går vi til messe med  alabastkrukker med …

Les mer

Sundag sexagesima

TRUSKAP KOSTAR Det er lett å skifte standpunkt. Berre ei tru er viljug til å ofre. Eit standpunkt må gjerne testast på nye innfallsvinklar. Men å svikte trua er å svikte Han du trudde på. Tru fordrar truskap. Den spør ikkje etter gevinst eller medbør. Difor er trua motgangstider ein god ballast. «Herre, kven skulle …

Les mer

Hjå deg er livsens kjelde

Velkomen til den åndelege tyrsten sin sundag. Menneske jaktar på livsens vatn, men brunnane er sprukne. Velstandssamfunnet slit med kvoteregulering, overproduksjon, overforbruk og usunn livsstil. Men i Guds rike er overflod normaltilstand. ”Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.” I Sverige heiter matbutikkane ’Livsmedel’. I Guds rike heiter dei ’nådemiddel’. Jesu …

Les mer

Frå døden til livet

Jorda steig opp av vatnet i skapinga. Sameleis i Noas dagar. Jesus steig opp frå Jordanelva. Kvart menneske stig ut av fostervatnet. Kvart Guds barn opp frå dåpsvatnet. Noko må druknast, bli aude og tomt, før Gud skaper nytt liv. Vegen til livet startar i døden. Børre Knudsen syng: «Bare en eneste utvei lå åpen: …

Les mer

Namnet Jesus

Nyttårsdagen er oktavdagen for Kristi fødselsfest, dagen for feiringa av hans omskjering. At det er eit nytt år, kan heller ingen kome ifrå. Ein kan verte så oppteken av å fylgje med i tida at ein fylgjer med tida og vert rekved i malstraumen. For å kunne stå seg imot tidsånda, treng ein røter i …

Les mer

Gjevartenesta – nytt kontonummer

Viktig melding til alle venar av DNKK Den nordisk-katolske Kyrkja er i ferd med å skifte bank. Som medlem av KNIF (Kristen-Norges innkjøpsfellesskap) har vi fått ei særs gunstig bankavtale som set oss i stand til å redusere bankkostnadane våre vesentlig. Diverre hev dette til fylgje dette at gjevartenesta får eit nytt kontonummer. Det nye …

Les mer

Translate »