Eau de Vie

Vi lever i ei tid  då menneske igjen vedkjenner seg den åndelege tørsten. Menneske opnar seg for Gud, for Kristus, idag som dei ikkje har gjort på mannsaldrar. Dei tyrstar og dei veit det.

Gud kan dei berre nå om dei opnar seg for han. Men brunnane finst der kjelda med levande vatn flyt rikeleg. Og der er brunnkantar der den som har tid, kan sitje ned og møte dei i samtale.

Spørsmålet, trongen, tørsten, lengten er der. Eg brukar elevane mine som barometer. Det gir eintydige utslag. Det er ikkje sjenanse for Gud. Ikkje frykt for Jesus. Alle genuine åndelege erfaringar vert verdsette.

Nedgangen til Jakobsbrunnen i Nablus i vår tid

Ved Jakobsbrunnen der heile Guds frelseshistorie vert nærverande, handlar det om oppgjer og lengt. Når fundamenta sviktar i det moderne livet og menneske berre må snakke sant, då vert det opningar for Jesus. «There is a crack in everything, but that’s where the light comes in,» syng Leonard Cohen.

Mennesket kan nå sitt fulle verd når det finn tilbake til sitt opphav, til Skaparen og Frelsaren. Og det startar gjerne med den hl Augustin si bøn: ”Gud, du har skapt oss til deg, og vårt hjarta er uroleg til det finn kvile i deg!”

Deo Volente

Ved eit kalendarisk samantreff fell vår nyttårsdag og Jesu namnedag saman. Den 8. dagen vert guten til Maria omskoren etter Toraen sine føreskrifter, og det vert gjort kjent at han skal bere namnet Jesus.

Det er vel nyttårsstemninga som sit sterkast i vår kropp denne dagen. Men det gjeld å sjå samanhengar alle stadar. Det er typisk truande.

Maria og Josef gjorde som Gud ville. Dei gav guten det namnet engelen hadde kunngjort. Dette namnet var himmelens vilje. Namnet er både vakkert og mykjeseiande.

Kort sagt: «Ved det navnet fant jeg frelse, intet annet frelse kan.» Under det namnet Gud ville ha, startar vi det nye året. Då skjer det noko med Guds vilje for heile året.

Å gjere som Gud vil, er å ta imot Jesus. Den som har lært oss mest om det, er Maria.

Bibelen både startar og sluttar med forteljingar om ‘kvinna’. Etter at kvinna har
falle for slangens list, vert lovnaden gitt om siger over slangen. Kvinna, les: Maria, sitt avkome skal knuse slangens hovud, lovar Gud. I siste boka i Den heilage skrifta kjem forteljingane om korleis kvinna reddar både seg sjølv og barnet som dragen er ute etter. Og lovnaden får si oppfylling. Som Gud ville det.

Sameleis er Johannesevangeliet ramma inn av forteljingar om korleis Maria set Guds vilje i sentrum og let han råde. Når menneske tek imot Han som ber namnet Jesus, skjer underlege ting. Og igjen er kvinna formidlar av bodskapen: Lat Herrens vilje råde.

Ved engelens besøk, svarte ho: «Lat det gå meg som du har sagt.» Slik startar bøna i Jesu namn. Ho opnar livet sitt og tek bokstavleg talt imot Jesus. Ho lærer oss å elske namnet Jesus. Då skjer Guds vilje. Ho let Gud vere Gud.

Ved bryllupet i Kana går ho i forbøn for vertskapen som er komne i knipe: «Dei har ikkje meir vin.» Ho grip ikkje geskjeftig inn og ordnar opp. Ho dikterer ikkje. Ho har ikkje personlege ambisjonar eller planar. Ho legg fram nauda.

Sameleis då ho sende bod etter Jesus frå Betania: ‘Herre, han som du har så kjær, er sjuk.’ (Joh 11,3). Jesus treng ikkje dikterast. Det som vert lagt i hans hender, skjer etter Guds vilje.

Frå krossen gjer Jesus henne til alle truande si mor (Joh 19). «Det er mor di,» seier Jesus til den einaste av læresveinane som våga å vere der. Jesus overgir sine vener i si mors varetekt. Ho skal rettleie dei og dei skal lære av henne.
Eit år som vert ført inn på dette sporet, vert til velsigning.

Maria, lær oss å be: Deo Volente = (s)om Gud vil.

Biskop Roald Nikolai

25. juli 2011 er ein viktig dato for Den nordisk-katolske kyrkja. I Scranton, Pennsylvania, vart Roald Nikolai vigsla til biskop av erkebiskop Anthony i PNCC i nærver av alle PNCC-biskopane.

Det inneber at vi har den første nordiske biskopen, og at kyrkja vår er ei sjølstendig og anerkjend kyrkje.

På biletet ser vi den nye DNKK-biskopen med bispestaven han fekk i gåve frå biskop Thaddeus sin kyrkjelyd i Buffalo, NY.

Same dag vart Scranton-unionen oppretta. Dette er kyrkjer som på grunnlag av Scranton-erklæringa høyrer ihop og vidarefører det Utrecht-unionen stod for. Les meir om dette på DNKK si heimeside.

PNCC og DNKK er dei to fyrste kyrkjene i denne unionen, og fleire er klare for å slutte seg til.

Presten i St. Olav

Presten i Den nordisk-katolske kyrkja i Ålesund,

fr. Ottar Mikael Myrseth:

Eg er fødd i 1951, er utdanna cand.theol. ved Menighetsfakultetet i Oslo og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja av biskop Thor With i Sykkylven kyrkje i 1978.  Eg var kyrkjelydsprest i Oslo og Spjelkavik samt stiftskapellan for biskopen i Molde i tilsaman 23 år.

Som leiar for Samråd på Kirkens Grunn følgde eg på nært hald kampen for å verne Den norske kyrkja sin åndelege og læremessige integritet, men gav til slutt opp det prosjektet og melde meg i 2001 inn i Den Nordisk- Katolske Kyrkja.  På Mikkelsmess det året vart eg innvigd til prest i NKK av biskop Thaddeus Peplowski og fekk ansvar for eit misjonsarbeid i Ålesund.

På olsok 2006 vart St. Olav kyrkje som ligg i Hatlane i Ålesund, vigsla som vår kyrkje. Vi feirar messe kvar søndag. I tillegg vert både undervisningssamver og fellesskapsbyggande tiltak annonserte på vår heimeside og ved plakatar.

Ved sida av prestetenesta har eg hatt mitt daglege arbeid som folkehøgskulelærar.

Ta gjerne kontakt:

Adresse:  Gjævenesvegen 179, 6224 Hundeidvik
Telefon, mobil: 988 76 761
E-post: ottar.myrseth@gmail.com

Translate »