Katolsk – kvifor det?

Somme er uroa over at så mange har forlate folkekyrkja og blitt katolske. Andre har vakse opp med forkynning som i dramatiske ordelag har åtvara mot det katolske og reknar den katolske kyrkja som anti-krist.

I det siste har det i dagspressa versert artiklar og debatt om det katolske. Det kan difor vere god grunn til å setje seg ned og sortere mellom rett og vrangt i dette spørsmålet. Continue reading

Video frå ikonkurset

Fr Olav talte i St Olav

IMG_4543
Denne laurdagen i september stod ikonar på dagsorden i St Olav kyrkje. Ei forsamling på omlag 30 fekk ei levande, truverdig og grundig innføring i ikonane si historie og deira bruk. Teologen, kunsthistorikaren og presten fr Olav Lerseth heldt to illustrerte foredrag som vart veldig positivt mottekne. Continue reading

Pinsestemne i Selja prosti

Pinsestemne

“Det ånder himmelsk over støver, det vifter hjemlig gjennom løvet”. Pinsestemning som Grundtvig skildrar, fekk vi oppleve i rikt monn under stemnet vårt for Selja prosti. St Olav kyrkje, Borgund folkehøgskule og kringliggande område var vårt nedslagsfelt. Bileta nedanfor talar sitt eige språk.

IMG_7679

IMG_7671

IMG_3986

IMG_3965

Samle dei spreidde

Pasjonstida handlar om kampen mot det som splittar. Jesu etterfylgjarar må reinse seg: sinn og tankar, liv og lemmar. Etterfylgjinga er til alle tider truga av splittinga. Misunning og mistankar, mismot og hovmot, ureint liv og samvirke med det vonde. Kampen mot alt dette endar for den truande i skriftemålet.

I Jerusalem talar Jesus om splittinga som ein konsekvens av synda. Guds barn vert spreidde ikring. Det har vore slik sidan. Men når denne mannen døyr for folket og alle jordas folk, skjer noko med heile menneskeslekta. Han skulle samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring, skriv apostelen Johannes (Joh 11:52).

I Jerusalem vert splittinga openberr. Dei spring til alle kantar. Men krossen vert det sentrale samlings-symbolet.

Alle som tek imot forsoninga og vert sameina med Han, vert som ei celle i kroppen Hans. Han samlar Guds born i sin krossfeste kropp. Dette er pasjons- og påsketida sitt djupaste perspektiv.

Han kjem til Jerusalem for med heile sin person, med kropp, sveitte og blod å gjennomleve og gjennomdøy syndene og skulda og skamma til menneske som meg og deg. Dette forvandlar dei menneska som kjem til Han og vert verande i Han. Og når Han gjenoppstår, forvandlar Han heile verda.

Siste veka fram til påske er veka for forventninga og hungeren etter dette.Tre heilage tre dagar i den stille veka opnar Jesus påskemysteriet.

Vi kan bli forvandla. Våre smålege kontroversar med våre næraste, våre behov for sjølhevding, våre skammelege tankar, gjerningar og ord – alt dette forvandlar Han for etterfylgjarane. Han forsonar dei gjennom nåden Han omsluttar dei med, utan å gjere skil på verdige og uverdige. Og Han samlar til eitt alle dei Gud barn som er spreidde av sine innbyrdes fightar og sine svik når Han får gjere si forvandlande gjerning.

Før faste

Det lid mot fastetid, og før-fasta er nyttig til å starte vår omkopling til rette sporet. Fasta som førebuing til påske har mange bibelske førebilete knytt til øydemarka: Israelsfolket si 40 år lange vandring, Mose faste på Sinai, Elias vandring til Horeb og Jesu 40 dagar i øydemarka.

For desse tre faste-førebileta Moses, Elia og Jesus er fastetida også knytt til eit fjell. Dei vert sette på prøve, får eit guddomeleg møte og eit gjennombrot på fjellet. Moses tok imot lova frå Gud på Sinai under fasta (Ex 19). Elia møter Herren i den stille susinga på Horeb (1 Kg 19). Jesus vert oppvarta av englar på Freistinga sitt fjell (Mt 4).

Så møtest desse tre igjen på eit anna fjell, Tabor. Her vert dei omslutta av det himmelske ljoset og Guds herlegdom, og dei to gamaltestamentlege profetane samtalar med Jesus om hans liding og død. På dette fjellet får dei saman sjå inn i framtida og erfare noko av den påska som skulle bli sentrum og mål for all kristen faste-feiring.

Denne tradisjonen får vi gå inn i, og denne fastevandringa får vi gjere. Vi vert også ført fram til eit fjell, Golgata. Her er det fjellet der all gudsteneste og all gudslengt får sitt mål og sitt sentrum. Og her skin det fullkomne ljoset som skulle kome til å gjennomstråle heile verda og dra menneske til alle tider til den reinaste kjærleiken sin offerstad.

Å gjere denne faste-vandringa, er å øve seg til livet som kristenmenneske på jorda. For fastetida er i seg sjølv ei komprimert utgåve av heile vårt jordiske liv. God vandring!

Eau de Vie

Vi lever i ei tid  då menneske igjen vedkjenner seg den åndelege tørsten. Menneske opnar seg for Gud, for Kristus, idag som dei ikkje har gjort på mannsaldrar. Dei tyrstar og dei veit det. Continue reading

Deo Volente

Ved eit kalendarisk samantreff fell vår nyttårsdag og Jesu namnedag saman. Den 8. dagen vert guten til Maria omskoren etter Toraen sine føreskrifter, og det vert gjort kjent at han skal bere namnet Jesus. Continue reading

Biskop Roald Nikolai

25. juli 2011 er ein viktig dato for Den nordisk-katolske kyrkja. I Scranton, Pennsylvania, vart Roald Nikolai vigsla til biskop av erkebiskop Anthony i PNCC i nærver av alle PNCC-biskopane.

Det inneber at vi har den første nordiske biskopen, og at kyrkja vår er ei sjølstendig og anerkjend kyrkje.

På biletet ser vi den nye DNKK-biskopen med bispestaven han fekk i gåve frå biskop Thaddeus sin kyrkjelyd i Buffalo, NY.

Same dag vart Scranton-unionen oppretta. Dette er kyrkjer som på grunnlag av Scranton-erklæringa høyrer ihop og vidarefører det Utrecht-unionen stod for. Les meir om dette på DNKK si heimeside.

PNCC og DNKK er dei to fyrste kyrkjene i denne unionen, og fleire er klare for å slutte seg til.