Øyrekviskraren

Ein lærar og ein påminnar etterlet Jesus seg ved si himmelferd. Det feirar vi i pinsa. Talsmannen. Øyrekviskraren.

Det åndelege” vert servert i mange og diffuse versjonar idag. Hovudperson i pinsa er Guds Ande, tredje personen i Gud. Han som går ut frå Faderen og som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane.

«Det ånder himmelsk over støvet» seier Grundtvig. Guds Ande verkar overalt, i skaparverket og i Guds verdsstyre. Anden bles dit han vil, men det er i Kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men ropar: Abba, Far!

Translate »