Øyrekviskraren

Jesus lovar oss Talsmannen. Han er Guds øyrekviskrar.

Han sit i kyrkjeklokkene og kviskrar: “Kom til Guds hus!” Han sit på skuldra til den som les Skrifta og kviskrar tolkingsord. Han sit på kanten av døypefonten og kviskrar at den døypte er Guds barn. Ved nattverdbordet kviskrar han “Det er Jesu lekam.”

‘Når våren kjem her nord’, kviskrar han ‘at Gud oss lagar ein betre vår ein gong.’

Han kviskrar liv i lundar og lauv i li, sevje i trea og liv i røtene. Og til alle Jesu vener at det er vår i livet deira.

Kristen tru er heile året ein lengt mot vår. Det nye livet livnærer seg av krafta av Kristi siger over døden, av spirekrafta i Jesu nye liv. Jesus er fyrstegrøda, og så slår dette livet rot i hjartet og blir ei skapande og formande kraft i menneskeliv der Øyrekviskraren slepp til.

Slik vert det berekraftig personleg utvikling i eit menneskeliv.

Denne sundagen skulle det vore messe i St Olav kyrkje, men den må diverre avlysast. Vel møtt på Kristi himmelfartsdag.

Leave a Reply

Your email address will not be published.