Olsok: Etterfylgjing

Helgenar er menneske av ulik slag, ulike raser, ulike utdanningsnivå og mentalitetar. Dei avspeglar at den himmelske nåden ikkje kan romast i ei type personlegdom. Helgenar er menneske av kjøt og blod, ikkje voksdokker, men gjort levande ved Guds nåde. Dei har teke krossen sin opp og blitt etterfylgjarar, tvetta i Lammets blod, forma av Heilaganden. Livet deira er blitt eit Kristi brev, ord frå Gud som talar til oss på språk vi forstår. Det var også Sigrid Undsets anliggande då ho skreiv: 

«Hellig Olav blev sædekornet som ble valgt til å legges i Norges jord, fordi det passet til jordsmonnet og været her.»

Desse berarane av bodskapen om etterfylgjing av den krossfeste, er våre førebilete. ’Etterfylgjar’ er eit av dei tydelegaste og sterkaste namn for kristne menneske. Heilt sidan Jesus fekk dei fyrste fiskarane og tollarane til å bryte opp, har det vore slik. Somme er blitt førebilete i etterfylgjing. Dei kallast helgenar.

 

Translate »