«Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange,» skriv apostelen. Jesus vert konge-salva til sin død for oss. For at vi skal kunne bli krismert til kongar som lever for Han. Det er palmesøndagen sin bodskap.
Vi brenn røykjelse i messene våre, etter Marias forbilde. Angen av hennar salve fylte huset i Betania. Noas offer fylte heile jorda med vellukt. Israelsfolkets gode offer gjorde det same. Vismennene sin røykelse og myrra fylte stallen.
Kristi offer fyller den verda som held på å gå i forråtning, med hugnadleg ange. For at det korrupte og sjølvgode skal bli forvandla.
Maria gav livet sitt som offergåve. Ditt og mitt livs nardussalve handlar om våre takkoffer, om alt det vi har motteke og som vi gir tilbake. Der er nardus overalt.
”Jesus meg selv jeg deg bringer, legger meg ned for din fot,
At du meg evig skal eie. Jeg er jo kjøpt med ditt blod.”