Når Jesus vender tilbake

Somme hevdar at Jesus finst berre i disiplane sin fantasi. Vi lever i forventning om å sjå, høyre, snakke med, ete ilag med, gå tur med og tru.

«Usynligt vel som sjel og sinn / det nemt dog er å kjenne,» seier Grundtvig om Guds rike. Usynleg for alle, men synleg for dei som trur.

I levande live var Jesus den fornedra som vart forakta. Berre i glimt avslørte han seg.

Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom. Og avsløre at det vi gjorde i det synlege, får konsekvensar i det usynlege. Til sjokk for alle. Til glede for somme.

(Illustrasjon Magne V. Kristiansen)
Translate »