«Tidi ho renn som elv mot oss» sa han austlendingen som skulle sitere Anders Hovden. Sant nok.
Like sant det Hovden verkeleg song: «Tidi ho renn som elv mot os». Tida renn ut. Vi er ikkje mykje herre over tider og timar. Ein kan bli så oppteken av å fylgje med i tida at ein fylgjer med tida. Som rekved.
Den som skal stå seg mot tidsånda, må ha røter i historia. Utan eit heilskapssyn på tilveret, misser eit menneske både minne og orienteringsevne. Og evna til å leve meiningsfulle liv.
Han som 8 dagar gamal får namnet Jesus, bringer det evige inn i tidsstraumen. Berre det evige er aktuelt til eikvar tid. Namnet Jesus er tema på fyrste dagen i 2023.