Mykje lys og varme i Epifania-tida i kyrkjeåret. Epifania er framhaldet av juletida, ei biletrik og innhaldsrik periode i det kristne året.Det startar med dei vise menns vitjing hjå Jesusbarnet i stallen og endar med at Jesus stiller stormen på Gennesaretsjøen.
Vismennene openberrar kven han er denne nyfødde kongesonen, døyparen Johannes vitnar om Guds lam og Guds Son ved dåpen i Jordan, Jesus underviser om Guds rike for dei skriftlærde i templet og openberrar Guds herlegdom ved vinunderet i Kana, dei to gamle får møte Frelsaren dei har venta på alle sine levedagar.
Vismennene/kongane kjem frå fjerne folkeslag som vitne om at alle folk skal tilbe barnet i krubba, og dei to gamle ser oppfyllinga av lovnadane om Israels frelse når dei møter det. Slik er spennvidda i epifaniatida.
Guds herlegdom lyste kring og varma både hyrdingar og vismenn. Og dei truande fekk augene sine opplatne nårJesus talte og handla i Gallilea og Judea.
Desse hendingane frå Jesu liv som identifiserer han, vert gjenfortalde i vår messefeiring. Då vert Guds herlegdom avslørt her og no.
Vatnet og ljoset er viktige metaforar denne tida. Han som er fødd som menneskebarn er ‘ljos av ljos, sann Gud av sann Gud, fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.’
Som det heiter i ei av epifania-bønene i liturgien:
«Idag vert kyrkja sameina med sin himmelske brudgom: I Jordanelva tvettar Kristus hennar synder, dei vise menn kjem med gåver til kongebryllaupet og gjestane gled seg når vatnet vert forvandla til vin. Halleluja!»