Morsrolla har hatt tronge tider i mange tiår i vår kultur. Fødselstalet har lenge ligge under grensa for å kunne halde oppe folketalet. Kravet om likestilling har gitt svekka status for mødre og ført m.a. til obligatorisk overføring av delar av fødselspermisjonen frå mor til far. Kan det vere tilfeldig at dei kulturane som har mest ihuga hylla Maria, også er dei som har vektlagt sterkast familielivet og mors plass i familien? Tenk berre på ein spansk, gresk eller italiensk familie samla med tre generasjonar rundt middagsbordet.
Bak mykje av forståinga av Marias rolle i den kristne tradisjonen, ligg nettopp verdsetjinga av morsrolla. Ingen som les om engelen Gabriels besøk hos Maria, juleforteljinga eller om Jesus som frå krossen fører saman apostelen Johannes og Maria, kan unngå å bli rørt av den moderlege omsorga som er tilstade.
Maria gav Jesus ein bustad i sitt eige liv og i sitt hus. Ingen tvang henne til det. Av eigen, fri vilje og generøsitet svarte ho ja til Faderen. Omsorgsfullt sveipte ho det vesle barnet og gav han den beste oppseding ho kunne.
Jesus tillet Maria å vise han morsomsorg. Spørsmålet til truande idag er om vi tillet det same. Born spring naturleg til mor med ein skade eller ei krise. Dei nygifte i Kana vende seg til Maria som talskvinne for si naud. Vi kan gå til henne i all naud og seie «be for oss syndarar».
«Alle slekter skal prise meg sæl,» seier Maria. Vi vil vere med i den lovprisinga. Vi vil prise henne sæl for det ho lærer oss om morsrolla, om verdien av familieliv og trusliv.
Gud vart ikkje menneske i krubba i Betlehem, men i Marias livmor. Difor har jomfru Maria og barnet Jesus uendeleg stor verdi for alle ufødde born.
Men det var i stallen, i snekkarbustaden og på pilegrimsvandringar med Josef og Maria Jesus voks opp og fekk si oppseding. Desse menneska tok imot og gav tilbake den kjærleiken Jesus hadde med seg inn i denne verda.
I inneverande månad fell ein av dei viktige Maria-festdagane i kyrkjeåret: Marias innsomning 15. august. Vi feirer den festen i St. Olav kyrkje på søndag 17. august.