Palmesundag, dagen då er «sorg til glede lenket / så er drikken meg iskjenket / besk og søt i livets skål / dette er mitt levnets mål», slik Kingo syng.
Når vi dreg opp til Jerusalem, er det med profeten Sakarja, med israelittane som feirar exodus frå Egypt og med kongen på eselfolen.
Læresveinane skjøna det ikkje før i etterpåklokskapens klare lys. At liding og siger høyrer i hop. At sorg og glede gjer det. Fornedring og opphøgjing. Slik er det hos Jesus og slik vert det også i det kristne livet.
Å lære palmesundagen si lekse er ein veg til modning som truande. Les Joh 12,12-18.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje palmesundag kl. 11.