Gud gav til mennesket verda som mat. Så nær er vi knytte ihop med skaparverket. Vi er sette til å vere livsvernarar, miljøaktivistar, naturelskarar, fiskeforvaltarar osb.
Men både i Paradis og i øydemarka handla freistingane om mat. Mennesket i Paradiset fall. Trongen til sjølvbestemming vann. Med brød åleine ville mennesket gjere seg uavhengig av Gud. Resulatet vart slaveri under det forgjengelege.
Jesus i øydemarka gjenoppretta Guds opphavlege meining: at livet er ei gåve frå Gud og berre Han kan redde forbrukaren frå sjølv å bli forbrukt.
Når Jesus gjer brødunderet, lærer Han folket denne leksa. Han lærer dei å be om det daglege livsens brød.
Les gjerne Joh 6,24-40.