Kristus konge, du regjerer

Siste sundagen i kyrkjeåret har namnet ‘Kristi kongefest’, med biletet av kongen over alle kongar på si herlegdoms trune. Han er ventande. Han har allereie innteke plassen ved Faderens høgre hand, men skal ein dag kome att i herlegdom til den siste domen. Kvar av oss skal på den dagen stå til rekneskap for våre liv.

Alle vegfarande veit at før eller seinare kjem ein til vegkryss, eller vegskilje som somme seier. I eit slikt vegskilje skal Kristus kongen stå og skilje dei rettferdige frå dei urettferdige. Men mange innrettar seg idag som om livet er ei evig rundkøyring. Då slepp dei å gjere val, og kan innrett all sin energi på å halde rundetidene. Men Jesus lærer oss annleis. Og Kristus konge-søndagen handlar om oppgjeret.

 

Translate »