Messefeiring i Nordfjord

Eit 20-tals menneske var samla til messe i Loen kyrkje sundag 23. april. Det er fyrste gongen Den nordisk-katolske kyrkja held messe i indre Nordfjord, og invitasjonen kom om å halde fram. Me startar forsiktig og satsar på ei ny samling ved Mikkelsmess-leitet.

Etterpå var det samling på Solvang bedehus i Olden der fr Ottar Mikael innleia til samtale om «Den udelte kyrkja si tru». Hans poeng var at i ei tid då den vestlege verda lever som om Gud ikkje finst og dei store kyrkjene ivrar etter å vere ‘up to date’, trengs andre røyster. Vår røyst vil hevde den klassiske katolske tradisjonen om ‘den trua som ein gong for alle er overgjeven dei heilage’ (Judas brev).

Denne overgjevinga handlar om å halde oppe den kristne tradisjonen. Det er når menneska sluttar å be at dei misser Gud. Det trengs bøneskular for moderne menneske. Difor feirar vi messe. I vår fragmenterte verd trengs disiplar med stabilitet og rotfeste i liturgiske fellesskap. Det er vår misjon, sa innleiaren.

Translate »